Priser/info

Priser i Krokane Fritidsheim 2011-12:
Alt.A: 2180,- + 95,- (drikke/frukt
Alt.B: 1952,- + 69,- (drikke/frukt)
Alt.C: 1609,- + 80,- (drikke/frukt)
Alt.D: Dagbarn inntil 6 dagar pr. måned - Kr.150,- pr.dag


Aktivitetar på Fritidsheimen
Inne og utemiljøet på Fritidsheimen gir rom for mange muligheiter. Inne har vi spill, bøker, og div. formingsmateriell. Uteområdet rundt Fritidsheimen og skolen er blitt meir variert, vedtekne planar skal gjere uteområdet betre. På Fritidsheimen har vi fast utetid frå kl. 15.15 - 16.30. Vi har og tilbod om faste aktivitetar (sjå vekeplan lenger nede på denne sida) Aktivitetane er frivillige men barna må ta konsekvensen av vala sine.

Inne er "tilflukten" eit friområde for fysisk aktivitet. «Tilflukten» har ein liten klatrevegg ,der dei kan prøve ut styrke, koordinasjon balanse og andre ferdighetar som krevjast for å komme rundt klatreløypa.

Vekeplan for faste aktivitetar

MÅNDAG
TYSDAG
ONSDAG
TORSDAG
FREDAG
FYSISK
AKTIVITET
m/Ersada
HANDARBEIDS-
AKTIVITETAR
m/Lene
SLØYDEN
m/Magnus
FORMING/
KJØKKEN
m/ Ragna/
Lillian




FORMING/
KJØKKEN
2-3-4 klasse
m/Ragna/
Lillian
FYSISK
AKTIVITET
m/ Monica
LANGDAG
på skulen




FREDAGSKOS

DISKO/FILM



Faste grupper vil si små grupper på 6-8 barn saman med ein voksen kor dei gjennomfører ein aktivitet.
Tida i fritidsheimen er barna si fritid, barna kan sjølv velje kva dei vil gjere.


DAGSRYTME FOR FRITIDSHEIMEN:
kl. 07.00
Fritidsheimen opnar
kl. 07.30 - 08.00
Frukost
kl. 08.20
Barna går på skulen
kl. 12.15 - ca. 13
Barna blir henta på skulen, vi startar med utetid.
kl. 12.15 - 15.05
Leksegrupper mand., tysd. og torsdag
kl. 13.15
Grupper med faste aktiviteter startar
kl. 14.00 - 14.30
Frukt
kl. 15.00 -16.30
Utetid barn og vaksne
kl. 15.45 - 16.30
Utetid barn og vaksne, bare torsdagar
kl. 16.30
Fritidsheimen stenger

Praktiske opplysningar

Fritidsheimen følgjer skuleruta i jule - og påskeferien.
Tysdag 20. des. siste dag før jul
Tysdag 03. januar startar vi opp etter jul
Fredag 30. mars siste dag før påske.
Tysdag 10. april startar vi opp etter påske.
Måndag 30. april, planleggingsdag - Fritidsheimen er stengt.
Fredag 18. mai, planleggingsdag - Fritidsheimen er stengt.
Det blir 2 planleggingsdager før skulestart hausten 2012, dato kjem vi tilbake til - Fritidsheimen er stengt.

Sommarferien 2012 held Fritidsheimen stengt dei siste 3 vekene i juli.
I ferieavviklingstida er opningstida redusert.

Vi vil minne om at det vil bli sendt ut giro for ekstra betaling de dagane barnet skal nytte plassen i fritidsheimen når skulen er stengt. Prisen pr. dag ligger på ca. kr.50, den blir rekna ut etter behovet for vikar

Fritidsheimen få melding om namn og telefon til andre kontaktpersonar, viss føresette IKKJE er å treffe på den telefonen vi har fått oppgitt.
Informasjon og beskjeder til foreldra sender vi med barna heim, sjå i skulepermen.

Tar barna med seg leiker i fritidsheimen, er det på foreldras ansvar (dersom dei vert øydelagde eller går tapt). Krigsleikar o.l. ynskjer vi ikkje at barna tar med seg.

Barna har eigen plass til skiftetøy (hugs merking).
Alle barn bør ha innesko til bruk på Fritidsheimen.
Regntøy er ikkje alltid populært å ha på seg, vi ynskjer de tar ein prat med borna om dette.

Generelt kan ein sei at barn er for passive og driv for mykje med passive inneaktivitetar. For å motvirke dette har vi faste utetider på Fritidsheimen, og alle skal være ute. Då er det viktig at alle har skikkelege kler til utebruk og nok skiftekler. Ein del barn vil ikkje bruke regntøy, vi ynskjer at de tar ein prat med borna om dette.