Oljedistribusjon

Sunnfjord Drift AS legg vekt på å være ein seriøs og fleksibel aktør innan distribusjon av oljeprodukt på vegane i Sogn og Fjordane. Selskapet tek imot bestillingar og køyreplanlegg sine køyretøy til det beste for Statoil Norge AS sine kundar i regionen. Gjennom døgnbemanna bestillingstelefon til oss lokalt, kan du få lagt inn bestilling på dine produkt. For rasjonell og god drift på eit moderne materiell, legg ein opp til skiftordning på noko av transportmateriellet. For deg kan det bety at du i våre mest hektiske periodar, kanskje må rekne med leveransar frå oss, også utanom kjernetida som for mange er mellom kl. 08-16. Vi vil likevel gjere vårt ytste for at du som kunde vert nøgd. Selskapet opererar i dag frå tankanlegg i Florø, Førde og Sogndal.

Vi er stolt av vår sjåførstab, som pr. 01.01.08, består av 7 personar med brei erfaring innan handtering av oljeprodukt.

Driftshistorisk kan vi melde at Sunnfjord Drift AS, som nystarta selskap, den 01.10.2000 inngikk ei distribusjonsavtale for parafin, fyringsolje, diesel og gassolje med Statoil Norge AS. Avtala vart då gjort for kommunane Flora og Bremanger. Avtala vart fornya i samband med at Sunnfjord Drift AS overtok verksemda R. Berg AS, eit selskap som fram til same dato hadde distribusjonsavtale med Statoil Norge AS i ytre Sunnfjord. Dette selskapet har hatt ein god driftshistorikk som samarbeidspartnar for Statoil Noreg, like tilbake til 1986.

Frå 01.06.03 overtok selskapet oljedistribusjon for Statoil Norge AS i kommunane Førde, Naustdal, Gaular, Fjaler og Askvoll, etter firma Olav Helgås & Sønn AS i Førde, som valde å trappe ned verksemda.

Frå 01.01.08, overtok selskapet materiell og personell frå firma Kjell Svidal AS, som fram til denne tid har vore distributør for Statoil Noreg i indre og ytre Sogn.

Kontakt for oljebestilling finn du her

Sunnfjord Drift AS har også avtale om utleige av anleggsoperatørar til Statoil Norge AS. Denne avtala gjeld utleige av personell som er i døgnberedskap for Statoil Norge AS på Fjord Base i Florø. Arbeidsoppgåvene går på utlevering av gassolje, smørolje, kjemikalium o.l. til supplyskip, stykkgods og fiskebåtar. I tillegg gjeld det mottak av tankbåtar som leverer gassoljekvalitetar inn til Statoil Norge AS sitt tankanlegg i Florø.

Personalutleige inneheld også ei døgnvaktteneste, der mannskapet gjennom vakttelefon er tilgjengeleg 24 t/døgn, 52 veker/år