Nærtenesten AS er ein leverandør til NAV. Verksemda er eigd av Flora kommune og samlokalisert med Sunnfjord Drift AS i Hamregata 17 i Florø

Nærtenesten AS er leverandør av varig tilrettelagt arbeid (VTA), individuelt tilrettelagde tilbod, Snu i Døra (ungdom). Vidare er vi samarbeidspartnar til NAV Flora i høve kvalifiseringsprogrammet og KF Innvandrarsenteret I Flora i høve introduksjonsprogrammet.

Hovudkunden vår er NAV og bedrifta er medlem i arbeidsgjevarforeninga for Vekstbedriftene, ASVL,

img

Bakgrunn:
Verksemda har sitt utspring i lokalmiljø og kommuneutviklingsprosjektet, Krokaneprosjektet som vart starta i 1982, og vidareført i Floraprosjektet i 1985. Eit eige prosjekt med fokus på arbeid med grupper for spesiell trong for tilrettelegging av arbeid vart gjennomført i 1987. Erfaringane munna ut i at i desember 1989 starta arbeidssamvirkebedrifta Krokane Nærtenester AS med Flora kommune og Krokane Bydelsutval AL som eigarar.

Frå starten av nytta ein praktiske tenester og samhandling mellom menneske i lokalmiljøet for å skape mennskleg vekst og utvikling. Erfaringane frå prosjekttida på 80-talet viste kor viktig det var å legge tilrette miljøbetingelsar. Både det fysiske og sosiale, for å skape gode læringsarenaer både for barn, unge og voksne personar. Dette gjeld og dei med særskild trong for tilrettelegging. Lokalsamfunnet gir et mulighetsrom som til vanleg ikkje vert nytta.

Ein lærte at det gav sjølvtillit og god utvikling for menneske når dei vart sett i rolle som tenesteytar og hjelpar for lokalmiljøet. I dag kan dette definerast som Empowerment.

Sunnfjord Drift AS er leverandør av arbeidsarenaer til Nærtenesten as, verksemda er eigd av Nærtenesten as og samlokalisert med Nærtenesten AS i Hamregata 17 i Florø.

Vi er leverandør av logistikk og lagringstenester, renovasjon, bunkringstenester og eigedomsvedlikehald sommer og vinter.

Bakgrunn:
Sunnfjord DRift AS vart etablert i 2000 med Krokane Bydelsutval AL og Krokane Nærtenester AS som eigarar. Verksemda har sitt utspring i lokalmiljø og kommuneutviklingsprosjektet Krokaneprosjektet som vart starta i 1982, og vidareført i Floraprosjektet i 1985. Eit eige prosjekt med fokus på grupper med spesiell trong for tilrettelegging av arbeid vart gjennomført i 1987. Erfaringane munna ut i at ein i desember 1989 starta arbeidssamvirkebedrifta (ASVO), Krokane Nærtenester as.

Frå starten av nytta ein praktiske tenester og samhandling mellom menneske i lokalmiljø for å skape menneskleg vekst og utvikling. Erfaringane frå prosjekttida på 80 talet viste kor viktig det var å legge til rette miljøbetingelsar, både fysiske og sosiale for å skape gode læringsarenaer, både for barn , unge og voksne personar.. dette gjeld og for dei med særskild trong for tilrettelegging. Lokalsamfunnet gir et mulighetsrom som til vanleg ikkje vert nytta.

Ein lærte at det gav sjølvtillit og god utvikling for menneske når dei vart sett i rolle som tenesteytarar og hjelparar for lokalmiljøet. I dag kan dette definerast som empowerment.